Klage på ligningen |
||
|---|---|---|
|
Webmaster
![]()
Joined:
2007/5/17 11:40 Posts:
23
Level : 3; EXP : 52
HP : 0 / 63 MP : 7 / 608 |
Denne artikkelen er i sin helhet klippet fra skatteetatens sider. Du finner orginalen her.Om å klage på likningaArtikkel, 1. april 2004 , oppdatert 6. september 2006 Klikk her for å klage
Ver merksam på at du må betale restskatten til rett tid sjølv om du har klagd på likninga. Restskatt skal betalast til skatteoppkrevjarkontoret i kommunen der skatten er skriven ut. Når likningskontoret endrar sjølvmeldinga di
Meiner du at det ikkje er riktig slik likningskontoret har rekna ut formue, inntekt eller skatt, kan du klage på likninga. Klagen kan du levere elektronisk via skatteetaten.no eller sende som brev til likningskontoret. Klagefrister Har du innanfor klagefristen bedd om opplysningar som du treng for å kunne klage, er klagefristen tre veker etter at likningskontoret sende deg opplysningane. Har du ikkje motteke pliktig varsel om endringar som likningskontoret har gjort i sjølvmeldinga di, er fristen for å klage på dette tre veker etter at du vart gjord merksam på endringa, men ikkje meir enn tre år etter inntektsåret. Klagen kan leverast via skatteetaten.no eller sendast som brev til likningskontoret for den kommunen der skatten er skriven ut. Ein klage må vere skriftleg, og det må gå fram av klagen kva som er feil, og grunngivinga for det. Du får skriftleg svar på klagen. Klagen blir behandla av likningsnemnda, eventuelt likningskontoret. Er du ueinig i avgjerda, kan du klage saka inn til overlikningsnemnda. Alle skattytarar som sender klage, får orientering om den vidare klageretten. Tap av klagerett
Sjå også nærmare opplysningar om klagefristar o.a. på baksida av skatteoppgjeret.
Posted on: 2007/5/21 19:40
|
|
Transfer
|
||


Transfer
